Helsedirektoratet initierte prosjektet «Pilot legevakt», ein ny modell for akuttmedisinske tenester i rurale strøk som har vanskar med å sikre akuttmedisinsk ekspertise. På legevaktsatelitten ...gjennomfører sjukepleiaren konsultasjonen i videokonferanse med lege. Denne studien utforskar leiarane sine erfaringar. Ti leiarar frå fem kommunar deltok i kvalitative intervjue. Basert på intervjua vart det gjort ein kvalitativ innhaldsanalyse. Potensialet for kompetanseheving og rekruttering av nye sjukepleiarar motiverte leiarane for deltaking, og dei såg på prosjektet som eit høve til å auke akuttmedisinsk kompetanse i heile den sjukepleiefaglege tenesta i kommunen. Leiarane la vekt på å støtte sjukepleiarane i den nye kombinerte rolla som «satellittsjukepleiar» og i den ordinære rolla som sjukepleiar i kommunen. Nye former for tverrfagleg samarbeid blei vurdert som avgjerande for kompetanseheving. Leiarane sitt inntrykk var at sjukepleiarane opplevde dei nye oppgåvene som interessante, og at det ga høve til å auke rekruttering og stabilitet i sjukepleiestaben.
Ferdigheiter i samfunnskunnskapsemne skal setje elevar i stand til å delta i samfunnet på like vilkår, men vi veit lite om korleis dette skjer i praksis. For å skaffe meir inngåande kunnskap om ...ulikskap i ferdigheitstileigning har eg med inspirasjon frå Bourdieu (1985, 1977) sitt teoritilfang om sosial klasse og kulturell kapital og Barton (2015) intervjua elevar om fem undervisingssituasjonar eg har observert dei i. To oppgåvetypar viste seg særleg relevante for å få fram ferdigheiter: klasseromsdiskusjonar og drøftingsoppgåver. Problemstillinga er: Har elevar med ulik sosial klassebakgrunn ulik oppleving og verdsetjing av samfunnsfaglege ferdigheiter? Middelklasseelevar sine opplevingar av ferdigheiter til å skrive drøftingsoppgåver verka meir prosessorienterte ved at drøfting handla om å utforske ulike sider av ei sak. Samanlikna var arbeidarklasseelevane meir resultatorienterte og opptatte av å skrive korrekt faktainnhald. Når det kom til klasseromsdiskusjonar, opplevde middelklasseelevane desse som interessante der deltaking handla om å utforske og lære i samtale med andre. Samanlikna opplevde arbeidarklasseelevane oftare deltaking som stressande, og om å presentere rett svar. Desse skilja blir relaterte til kunnskapskulturelle forventingar om danning som i hovudsak middelklasseelevane oppfattar. I tillegg fortel middelklasseelevane at dei får betre karakterar enn arbeidarklasseelevane som fokuserer på fullføring av skulefaget. I tråd med Bourdieu og Passeron (1990) fortel middelklasseelevane om korleis dei lærer ferdigheiter heime, og verkar ha ein meir omfattande læringsprosess enn arbeidarklasseelevane. Vidare forsking bør tydeleggjere kva ferdigheiter er og utvikle undervisinga for studie-, yrkes- og samfunnsdeltaking.
Kognitivno intervjuiranje jedna je od metoda predtestiranja koja se koristi za identifikaciju potencijalnih problema mjernih instrumenata proučavanjem kognitivnih procesa ispitanika u situaciji ...njihova rješavanja. Postupak kognitivnoga intervjuiranja najčešće se sastoji od niza sukcesivnih krugova intervjua prilikom kojih se primjenjuju i (posljedično) adaptiraju svi aspekti upitničke mjere. U znanstvenoj literaturi izostaje sustavan pregled, kao i konsenzus o specifičnostima dizajna i adekvatne prakse kognitivnoga intervjuiranja. Stoga je u radu ponuđen prikaz metode kognitivnoga intervjuiranja te su identificirana otvorena pitanja koja imaju potencijal generiranja novih istraživačkih ideja koje bi unaprijedile metodu kognitivnoga intervjuiranja. Pregled literature upućuje na određene konceptualne probleme pri definiranju te metode, ali i na plodna područja za daljnja istraživanja kognitivnoga intervjuiranja.